Tre år med utsyn frå Fintenkjarplassen

Utsikt frå Fintenkjarplassen mot Sul-toppane.

 

Det er tre år sidan denne bloggen såg dagens lys. 1. februar 2015 gjekk den første epistelen på lufta. I tida etterpå har det vorte rundt 120 betraktningar om stort og smått.

Som avisredaktør i 35 år har eg skreve fleire tusen  leiarartiklar og kommentarar. Eg har meint mykje om mangt – om saker eg forstår meg på, og om ting eg skjønar mindre av. Slik er det å ha betaling for å meine. Ja ja. Dette er redaktørlivet er ein tvilsam affære. Hovudet ligg på blokka heile tida.

Bloggen vart til fordi eg trengte ein arena der eg kan filosofere om emne som ikkje høver inn i avisformatet. Eg fann fort ut at bloggen skulle heite Fintenkjarplassen. I mange år har eg bruka dette namnet på eit berg oppe på Middagshaugen – heilt fremst på kanten mot Kvenndalen. Utstyrt med kikkert og ein kaffetår har eg sete der i utallige timar. Her flyg tankane lett. Samstundes er det ingen plass eg lettare greier å samle tankane enn på denne prektige utsiktsstaden.

Ofte har eg vorte overraska over kor mange som les snuttane mine. Historikken viser at det siste året har Fintenkjarplassen – med nokre svært få unntak – hatt besøk av lesarar kvar dag. Triveleg å sjå. Men, ein blir også litt audmjuk over å få slik respons. Takk til alle som leser. Eg har ikkje tenkt å gje meg.

Eit av dei første innlegga som vart publisert på Fintenkjarplassen heitte «Utsikt frå hytteglaset». I høve treårsjubileet, og i påvente av Tæla-sesongen som startar om snaue to månadar, tilbyr eg her ein reprise. Er du interessert i å lese, så kan du klikke her.

Kommenter innlegget