Forfattaren Halvor Floden og plogbenken i Trysil

Dei siste vekene har det vore fokus på tradisjonen kring plogbenkar i Trysil der vi har presentert bilete av plogbenken i Varaholla og beskrivelsen av bruken av plogbenk på garden Stallheim i Drevdalen. Det viser seg så godt som alltid at når ein byrjar å undersøkje i eit område, så dukkar det opp fleire døme enn ein fyst hadde sett for seg. Så også når det gjeld Trysil. Vi i Norsk Skottbenk Union har fokusert på dei mest brukte nemningane som har vore brukt om skottbenken. Skottbenk er mest utbreidd, vidare er det slikt som rettbenk, strykebenk, føybenk og likande som er vanleg. Plogbenk og pløybenk er ikkje riktig så vanlege nemningar. I eit gamalt ordtak heiter det «som ein ropar i skogen får ein svar». Då tenkjer ein på at det er sitt eige ekko ein høyrer. Når vi spør folk om dei kjenner til skottbenk, eller søkjer i litteraturen etter skottbenk, så er det berre eventuelle skottbenkar vi får vite om. Folk som berre har høyrt om plogbenken eller rettbenken tenkjer kanskje ikkje på at det er det same som skottbenk? Etter tipsa om at plogbenk var den lokale nemninga i Trysil så måtte eg ta eit nytt tekst-søk i databasen til Nasjonalbiblioteket. Med eit søk på «plogbenken» fekk eg opp boka «Ein fjellgard» av forfattaren Halvor Floden. Boka viser seg å vere veldig interessant. Boka som kom ut i 1968 er ikkje så lett å få tak i lengre, men heldigvis har ho kome ut i ny og fint illustrert utgåve så seint som i 2018. Den kan tingast frå til dømes Gamle Trehus, Haugen bok eller Norli.

Halvor_floden
Halvor Floden

Halvor Floden

Halvor Floden (1884-1956) er kanskje best kjent som forfattar som står bak mange av klassikarane innan norsk barnelitteratur. Han var den fyrste barnebokforfattar som fekk statleg kunstnarløn, noko han fekk etter at han vart pensjonert som lærar. Han var lærar i Elverum frå 1905 til 1949. Floden vaks opp på nyryddingsbruket Kvanbekksetra i Trysil. Sidan han ikkje hadde odelsrett søkte han utdanning og kom inn på Elverum private lærarskule som 18 åring. Den siste boka han arbeidde med var «Ein fjellgard» som var ferdig same året som han døydde, men som fyrst vart utgjeve posthumt i 1968 som ein del av serien Norsk Folkeminnelags skrifter. Boka er ei skildring av oppveksten på Kvanbekksetra.

I forordet skriv Halvor: «Det er ikkje tanken at denne utgreiinga skal vera ei bok til utgjevings. Men eg tenkjer meg at det kan ha noko å seia at eg gir ei nokoleis utførleg skildring av det miljøet eg voks opp i, av den grunn at deg kjenner det – og at eg vonleg må vera i stand til å føre det «i pennen». Den driftsmåten som vart nytta heime på Kvanbekksetra, går no mot slutten, snart lever ingen som er oppvaksen med`n, han går inn i soga om det som «var ein gong». Ei utførleg skildring av livet og arbeidet på garden i min barndom kan med tida få kulturell interesse, og det er difor eg etlar meg til å bruke nokre vinterdagar til å feste noko om det på papiret. Eg legg til at eg skriv ikkje noko utkast, – dette blir fyrste kladden». (Halvor Floden, 1968)

Skjermbilde 2020-01-23 23.19.30

Ein fjellgard

Halvor byrjer med å innleie om å beskrive foreldra sine og Kvanbekksetra. Det var nokså dårleg med hus på garden, ettersom det var ei seter frå byrjinga. «Den garden som far hadde kjøpt, var å kalle «huslaus»: Dei gamle husa var forfalne, taka var utette. Og det var ikkje bygt til ein gard slik far og mor tenkte seg farden. Det var bygd til seter.» (Floden 1968). Vidare beskriv han korleis faren bygde opp hus etter hus og «han var sin eigen planleggjar og arkitekt, sin eigen tømmermann og til dels murar og snekker». Etterkvart som Halvor veks til og vert eldre får han også hjelpe til med dette arbeidet og gjennom det lærer han både korleis arbeidet vert gjort og det språklege i arbeidet. Skildringane av arbeidet i kapitlet «Husbygging» er særs fint skrive og er inspirerande lesnad for oss som har interesse for slikt. Det er ikkje ofte ein finn kombinasjonen av ein som har kunnskapen og tradisjonen om slikt arbeid og som også er god til å skrive.

Innreiinga

Halvor skriv: » Far leigde snikkarar til hjelp, til dømes til å snekre glas og dører.  … Sagbord og plank til innreiing og snekring skar dei på saga som høyrde til garden. Ja, det fanst ei oppgangssag nedi Kvanbekken 4-500 meter nedom garden, den saga hadde Kvanbekksetra og Skjærholla i hop. Ho kunne ikkje gå anna enn i bra flaum, difor vart gjerne saginga unnagjord om våren. Det var på denne saga far skar borda og planken til dei fleste husa som med kvart kom opp. Borda vart ikkje kanta, dei vart skorne tvert gjennom stokken. Dei var såleis mykje breiare ved rotenden enn ved toppen. Jamnast var dei breie, av ganske grovt tømmer. Dei vart godt tørka, først ute, sidan inni eldhus. All snekring måtte bli gjort med handreidskap. Den teknikken og reiskapen snekrane brukte, er truleg så godt kjend, eg skal ikkje gå vidare inn på dette emnet».  Her kunne eg sjølv gjerne sett for meg at han gjekk vidare inn på det emnet.

Vidare skriv han: «Neste etappe på bygningen (våningshuset) kom i 1889. Då vart salen mot vest sett i stand. Like eins kammerset over sengerommet til far og mor. Desse romma vart tapetserte. Eg har mang ein gong legi der og sett på taket – etter eg fekk lite grann vett på snekkerarbeide, og eg har sett kor jamt og fint borda er høvla, kor vel dei fell i hop. Der er ikkje kitta og sparkla før målinga, men ein målar sa at det trengst ikkje sparkling på slikt eit tak. Og eg hugsar kven som snekra der, koss dei hadde bordstapelen ved nordveggen, der låg han og tørka. Det var grove, ujamne bord slik dei var komne frå den gammaldagse oppgangssaga, men dei vart fine under hendene åt Johannes Talåsen og Ole Lunde. Dei brukte okshøvlen så sveitten rann, dei pløgde på plogbenken, dei var karar som kunne få det til. Da vart det au tropp opp til andre høgda. Enda gjekk eit ti-år før andre høgda av austre delen vart gjort ferdig. Før da var lagt golv der, og det store rommet vart nytta til kledebu, reiskapsrom for innreisskap – og elles til alt mogleg. Men i 1898 bygde far ei meir nymotens sag, sirkelsag med overfallshjul, oppe ved sjølve garden. Da kunne det bli sagbord til ymse, og borda kunne ein køyre til maskinhøvlings på Østby, og då trong ein vel ikkje å leige framande snekkarar til å slå på dei høvla borda. Det vart tre soverom der i andre høgda over kjøkenet.»

Vi kan tenkje oss at snikkarane kanskje hadde med seg plogbenken til gards når dei gjorde arbeidet, elles kunne det vere at han framleis finnast på Kvanbekksetra. Våningshuset står der framleis, medan ein del av dei andre husa er borte. Kanskje kan ein framleis sjå dei pløgde borda i taket som Halvor skriv om? Elles kunne ein spore opp etterkommarane etter snikkarane Johannes Talåsen og Ole Lunde og undersøkje om det kunne finnast ein plogbenk etter nokon av dei? Det er i alle fall grunn til å sjå for seg at det kan vere fleire plogbenkar å oppdrive i Trysil.

Livet på Kvanbekksetra

Vidare skriv Halvor om alle sider ved det å bu og drive ein slik gard som Kvanbekksetra. I boka er det kapittel som; Husmora og arbeidet hennar, Fjøsstellet, Mjølkestellet, Ysting, Brødbaking, Barnestell, Klevask, Framande, Handverkarar, Handverk av husens folk, Jakt og fangst og Fiske. Interessant lesing alt saman. Han skriv og om gardsdrifta gjennom eit år der han er inne på tømmerhogst, tømmerfløyting, tjørubrenning, neverløyping og liknande. Alt i alt ei fantastisk skildring av livet på ein slik gard. Det er ei bok som er anbefalt lesnad for deg som har interesse for arbeidslivet på ein gard på slutten av 1800-talet.

Forfattar: Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

One thought on “Forfattaren Halvor Floden og plogbenken i Trysil”

Kommenter innlegget