Veke 39

Glede, bøn og takk – og hald fast på det gode!

nn

Sjå til at ingen løner vondt med vondt, men legg vinn på å gjera godt mot kvarandre, ja, mot alle! Ver alltid glade! Be uavlateleg! Takk Gud, kva som enn møter dykk! For dette er Guds vilje med dykk i Kristus Jesus. Sløkk ikkje ut Anden! Forakt ikkje profetord, men prøv alt og hald fast på det gode! (1. Tess. 5, 15 – 22)

n

Paulus hadde mange gode ønskje for forsamlingene som han hadde etablert. I breva kan vi lese om dette. I dag vil eg minne om noko som han skreiv til kyrkjelyden i Tessalonika.

n

Det handlar glede, bønn og takk. Guds gledeskjelde vert ofte utløyst gjennom bøn og takk. Det startar med å vere i kommunikasjon med den allmektige Gud, og løfte av alle tunge byrder i bøn og påkalling til Han. Å be er å lukke Gud inn i det som ligg meg tungt på hjarta. Eg byter ut hjartesut med Guds fred. Gud får mine suter. Eg får hans glede og fred.

n

Takk handlar om tru og tillit. Eg trur at Gud høyrer på meg,  og eg har tillit til at Han svarer mine bøner. Takk Gud! Og ikkje berre det. Eg takkar Han, som uansett svar, har all makt i himmel og på jord, og som har gitt meg barnekåret og samfunnet med seg, ufortent av berre nåde. Halleluja!

n

Og så vil eg velja det gode, og velja bort det vonde. Ved å velja det gode lever eg Andens liv. Den heilage ande er den gode hjelparen. Han ønskjer å leia meg på Guds veg. Og Guds veg er lysets veg i teneste for det gode. All vondskap står i motsetning til det gode. Gud er god. Hald fast på det gode, og du vil erfare eit godt liv, uansett kva du møter på av utfordringar i livet.

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *