Klima og vår – det same?

snoblomar
HEldigvis dukkar det opp vakre ting frå snøen og. Foto: David Pfeffer/flickr.com

Mitt forhold til dei store klimaendringane er som forholdet mitt til våren. Eg veit at det kjem til å bli store endringar. Eg veit at havnivået vil stige, eg veit at mange vil måtte gjennom store lidingar. Likevel gjer eg så alt for lite for å motverke klimaendringane. Og våren? Når det er vinter så er det så alt for lett å kaste frå seg ting, sneipar og anna. For det blir jo dekt av snøen. Men, eg veit jo at det kjem fram med våren. Eg veit at eg må rydde opp etterpå. Korfor gjer eg då ikkje meir? Både for klimaet, og for å halde det ryddig om vinteren? Jaja, eg skal i alle fall stemme SV – klimapartiet til hausten.

Og kanskje, vil havnivået stige så mykje at det snøsmeltinga viser fram vil bli dekt av hav?

4 Replies to “Klima og vår – det same?”

  1. Ensidig mas om krise. På slutten av 80 tallet fastslo “landsmoderen” Gro at havnivået ville stige med minst 1,6 meter innen årtusenskiftet om utslippene ikke ble redusert umiddelbart. Nå vet vi resultatet. Tøv fra ende til annen.

    1. Det er ingen tvil om at det finst ein drivhuseffekt. Uten den hadde vi hatt det som på Mars. Det er ingen tvil om at CO2 og metan er nokre av dei viktigaste gassane som skaper drivhuseffekten. Det er ingen tvil om at konsentrasjonen av CO2 og metan i atmosfæren stiger betrakteleg og at det er menneskeskapt. Det er logisk å tru at dette vil få konsekvensar. Og, ja det har skjedd før, men den gongen skjedde det sakte (menneska kunne tilpasse seg) og det budde nokre millionar av oss i verda. Ikkje ni milliardar som prognosen for 2050 er. Det var lettar å flytte eit telt ein 100 mill bangladesharar eller Amsterdam for den del. Kva Brundtland har sagt kan ikkje eg svare for.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.