Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nok ein vellykka Todalsdag

Elinor Bolme Laurdag 2. juli 2016

Arrangørane av årets Todalsdag kan nok ein gong sjå tilbake på ein særdeles vellykka dag på Bordholmen. Her var det naturleg nok fotballen som var i sentrum heile dagen, med 60 kampar fordelt på tre ulike aldersklassar. Likevel var det mykje anna å bedrive tida på underveis medan ein venta på neste kamp. Her var utsalg av bygdebøker, stort loppemarked, kubingo og ikkje minst Ræta Opp med 126 betalande, som resulterte i 16 000 kroner til fordeling mellom dei to prosjekta «Dindag i dag» og «Sjukt sprek».

Leiar i Todalen IL, Steinar Frøystad er godt fornøgd med dagen også arrangørmessig. Det viktigaste er jo at ungane har hatt ein topp dag, men det er jo ok å få tilbakemelding på at maten var god også da! Noko dei absolutt skal fekk skryt for. Og som resulterte i nesten ca 30 000 kroner i grillen. -Vi har nok fortsatt litt småtteri vi kan bli betre på, men det tek vi i evalueringa i etterkant. Totalt gir eit slik arrangement omlag 120-130 000 kroner i klubbkassa. Og reknar ein med alle timane til dei langt over 50 frivillige som har stått på i dagane før, og i dag er dette beløpet adskillig større.

Eit anna høgdepunkt under dagens arrangement var nok den prestisjetunge VM-turneringa for lillegutt. Etter innleiande kampar var det klart at bronsefinalen vart mellom Orkdal1 og Molde og hovudfinalen vart eit oppgjør mellom Orkdal 2 og Kattem. I bronsefinalen var det Orkdal 1 som trekte det lengste strået, og kampen endte til slutt 5-1 til Orkdal. Det var Ola Magne Nordvik som dømte, medan Ola Ansnes og Kristoffer Nordvik var linjemenn.

I hovudfinalen møttes altså Orkdal 2 og Kattem. Etter ein artig og god kamp med mange sjanser framfor målet, endte kampen med 4-3 til Orkdal 2, som dermed stakk av med storpokalen. Ola Magne Nordvik dømte også den kampen, medan Einar Husby og Jens Olav Moe var linjemenn. Nedafor poserer dei fire laga frå bronse- og gullfinalane med sine trofee. Vi vil berømme alle for mykje artig og god fotball på Bordholmen stadion i dag, og vi kan berre konstatere at det er mange gode fotballspelarar som vi no får sjå meir til etter kvart.

Orkdal1_2266

Orkdal 1 lillegutter. foto: Jon Olav Ørsal

Molde_Lillegutt_2255

Molde lillegutter. foto: Jon Olav Ørsal

Orkdal2_2282

Orkdal 2 lillegutter vann finalen og fikk storpokalen. foto: Jon Olav Ørsal

Kattem_Lillegutt_2272

Kattem lillegutter med sin pokal. foto: Jon Olav Ørsal

FullSizeRender

Til slutt må vi ta med eit siste bilde av vinnarlaget som klokka 17.30 kunne sjå seg i rundt på Bordholmen og konstatere at oppryddinga var gjort, med nokre få regndråpar i lufta! Med andre ein effektiv gjeng som fortjener ein applaus.

Orkdal I.L. har lagt ut eit reisebrev frå sin Todalstur på sine nettsider – her kan du klikke deg inn på nettsida til Orkdal I.L

Under er eit par bildegalleri sett gjennom to ulike linser.

Foto: ElinorB

Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Først publisert: 2. juli 2016, 18:17 - Sist oppdatert: 3. juli 2016, 19:45